VIL-bygdameister frå 1951 fyller 90 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2019
I dag er det ein VIL-pioner som fyller år. Heile 90 år!
Margit Fet vart nemleg Velledalen IL sin fyrste
kvinnelege bygdameister i alpint – året var 1951. Dette var tidleg i kula for
alpinsporten, som verkeleg fekk vind i segla då arbeidet med skitrekket i Ladalen
tok til i 1969.
Margit vart seinare gift
med Magnar Fet. Han var ein allsidig idrettsmann (alpint, hopp, fotball og
løp/stafettar), og vart seinare æresmedlem i Velledalen IL. At borna til Margit
og Magnar også vart flinke alpinistar (og meir til) låg liksom i korta.
Elles har Margit vore
trufast deltakar på trimposten i skogsvegen Fet. Seinast i sesongen 2018 var ho
inne på topp – 5. Høgst respektabelt av ein 89-åring!! Og vi må heller ikkje gløyme alle kakene
Margit har laga til Velledalen IL opp gjennom åra – dei er mange, og gode har
dei vore på smak!
Men altså: Denne vinteren er
det 68 år sidan Margit Fet, som 22-åring, vart bygdameister i slalåm. I ei tid
der jenteidretten langt frå hadde nokon framskoten plass i samfunnet. Difor
fortener Margit ein ekstra hyllest på 90 års dagen sin, 16. april 2019.
Velledalen IL gratulerer Margit med 90 års dagen!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024