Jan Ringseth 75 år 13. april

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2019

arkivfoto
Av opphav er han
ørskog-bygdar. Men i sine beste år flytta han til Sykkylven, der han er best
kjend som ein dugande røyrleggjar. No er han pensjonist i arbeidsvegen.

Men ikkje heilt som
skihoppar. Han er med i «teamet» som har gjort ein framifrå innsats for plastbakkane
i Spjelkavika. Før det var Stavsengfjellet boltreplassen, og før det igjen la
han ned mange timar i hoppanlegget i Søvikdalen.

Jan har delteke i veteran-VM
i hopp ei rekkje gonger. Og han har medaljar frå slike renn. At Jan hamna i
Velledalen IL var kanskje litt tilfeldig. Han fylgde nemleg med i dragsuget då
SIL-friidrett vart skvisa frå Sykkylven stadion i si tid. Akkurat den prosessen
var det fleire som likte ringt, mellom dei Jan.

I samband med Jan sitt 75
års jubileum, høver det fint at VIL-Nett for få dagar sidan kunne fortelje om
ein ny gutehoppar, Jonny Mauren. Den fyrste sidan Ståle Ødegård sine dagar (la
opp på 1970-talet ein gong). Rapportane seier at Jonny stadig hoppar lenger, og
no har passert 20 meter ståande i plastbakken. Vi er sikker på at Jan Ringseth
likar dette. Så på sett og vis kan vi seie at gutehoppar Jonny Mauren vert Jan
sin 75 års presang frå Velledalen IL.

Ein trufast tenar for
lokal hoppsport jubilerer, Velledalen IL salutterer!

3X3 hurra for Jan Ringseth
på 75 års dagen!!