Geiranger World Heritage Ultra: Radka påmeld
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2019
Geiranger og Eidsdal IL
har sjalta ut Nibbedobbelen (fyrst sykle, så springe til toppen av Dalsnibba).
I staden har dei teke Norddal IL inn i varmen og arrangerer eit ultraløp med
namnet: Geiranger World Hertitage Ultra, med start i Norddal. For
ikkje-språkunnige kan namnet lyde som ein dødeleg sjukdom, men er altså ikkje
det. «Beinhard sjølv-pining», er ei rettare nemning på det dei som stiller i
løpet skal ha føre seg.
Dette er ei kraftprøve,
med start i Norddal og mål på toppen av Dalsnibba. 57 000 meter langt,
3000 høgdemeter stigning og 1500 høgdemeter i unnabakke. Per 22.mars hadde 18
deltakarar meldt seg. Mellom desse Radka Vosicka, jernkvinna i Velledalen IL.
Beste kvinne i Nibbedobbelen i 2018 og kvinna som same år drog til Sverige og «bles»
gjennom ein «Ironman» - 4000 meter symjing, 180 000 meter sykling og 42 000
meter springing. Du lurer kanskje på kor mange overnattingar ho hadde….? Nei,
her held ein på kontinuerleg frå fyrste symjetak til siste løpsmeter.
Samanlikna med ein «ironman»
er nyvinninga i indre fjordstrok overkomeleg. Det vil truleg Radka også meine.
Her kjem lista over andre sykkylvingar – pluss nokre slengjarar frå Stranda - som vil sveitte saman med Radka denne dagen, laurdag 8.juni 2019:
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, Nibbeløpet
Knut Anders Hatlen, Stranda IL, Nibbeløpet
Radka Vosicka, Velledalen IL, Geiranger World Heritage Ultra
Odd Lennart Lien, Straumgjerde, Nibbemarsjen
Jan Egil Løseth, Stranda IL, Nibbeløpet
Ole Martin Korsnes, FK Sykkylven, Nibbeløpet
Cecilie Overøye Schmidt, eks Sykkylven, Nibberittet
Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, Nibberittet
Bjørg Iren Strøm, Velledalen IL, Nibberittet
Kjetil Fallingen, Sykkylven Sykkelklubb, Nibberittet
Jan Erik Bårdsgjære, Sykkylven Sykkelklubb, Nibberittet
Geir Verpeide, Stranda, Nibberittet
Espen Strøm Grebstad, Sykkylven SK/Velledalen IL, Nibberittet
VIL-Nett ynskjer alle lukke til med treninga fram mot den store dagen!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024