Her er May Evy – vårt siste tilskot i løpsmiljøet
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2019

Ho har alt løpstrøya på
plass, May Evy, ei kvinne som er knallhard i motbakkane. Den ny-innmelde skal
delta i NM i motbakkeløp (Mefjellet Opp) i 2019. For å kunne gjere det må ho ha
ein klubb, og no har tidlegare klubblause May Evy hamna i Velledalen IL.
Og ho skal vite at vi er
stolte over å ha henne i rekkjene våre. Ho vart klassevinnar i Østremsetra Opp
i 2018, og ho har vore klassevinnar i tunge motbakkeløp som Saksa Opp og Varden
Opp.
VIL-Nett helsar velkomen
til May Evy og seier godt jobba til Frode!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024