9.mars: Renn fire i TELENOR – Fjellsætercup
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2019

Det fjerde rennet i den
lokale langrennscupen vert arrangert laurdag 9.mars. Rennet går i klassisk
stil, med påmelding i tidtakarbua frå klokka 12.45. Startkontingenten er kr 25
for born, 50 for vaksne. Det siste snøfallet gjer at det er gode forhold som
ventar på løparane.
Vi minner nok ein gong om
at alle med to renn eller meir er kvalifiserte til samanlagtpremien. Den vert
delt ut på ei sosial samkome tidleg i april. Eit arrangement vi kjem nærare
tilbake til.
Vi ynskjer både unge og
eldre velkomne til renn fire, og minner om at siste rennet i cupen tel som
bygdameisterskap.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024