Eit halvt dusin sprang bane-intervall på Ikornnes.
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2019
Det vert meldt om at det vart
køyrt tre seriar kvar på 4X400 meter. Eitt minutt pause mellom kvart drag og
tre minutt mellom kvar serie. Fart +- 85 sekund per runde.
Deltakarar: Sivert Mosby Nakken,
Andreas Mosby Nakken, Jo Andre Tandstad, Vegard Riksheim Tandstad, Frode Mauren
og Henning Tandstad + fotograf Svein Arne Nakken.
Baneforhold: Bana dekt av
snøfjom. Småglatt. Temperatur ca 0 grader.
Denne treninga fann altså
stad på dagen ein månad før årets Tomasløp i Straumgjerde. Der er målet å greie
100 deltakarar inkludert trimklassa. Så kryss av i kalenderen: Tomasløp 7.april
2019.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024