Ildri har gått frå kule til løp

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2019

For få år sidan var Ildri
Bøe ein solid kulestøtar. Med toppresultat i denne greina frå skulecupen i
friidrett. Men etter jul fann ho at ho ville prøve seg som løpar. Ho debuterte
samstundes med Anja og Jorunn, og har såleis fått med seg dei tre siste løpa i
Ålesund vinterkarusell denne sesongen.

Målet i opningsløpet var
30.00. Ho pressa seg 54 sekund under. Bestetida gjorde ho i sitt andre løp,
medan ho i løp tre var hemma av pusteproblem. Men uansett ein lovande start av
Ildri.

Her er tidene frå dei tre
løpa hennar – distanse fem km:

29.06 – 28.39 – 29.36.