Her, her kommer Henning – del fire!
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2019
I debuten på mila fungerte
ikkje alt som det skulle. Han sleit med alt frå lause skoreimar til andre
plager. Klokka stoppa på i underkant av 46 minutt. Men etter nokre
småjusteringar, og endra opningstider i Nærbutikken Velledalen gjekk det betre.
Henning fann at timen mellom 09.00-10.00, ein time der han før var på jobb, no
kunne nyttast til trening.
Resultatet let ikkje vente
på seg. I fjerde løpet fauk tida ned til 43.39, før han i siste løp pressa seg
ned eit drygt halvminutt til. Ein prestasjon som gav 10.plass av 30 fullførande
totalt. Fotoet viser Henning i innspurten der han passerte både Kåre Balsnes
(nr.77) og Lee Glanville frå Storbritannia.
PS. Det er venta at
Nærbutikk-Henning er mellom dei som vil perse mest i Konradløpet. I fjor kom
han nemleg eitt og eit halvt minutt for seint til start grunna indreteneste i
butikken.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024