Jo Andre på veg mot Konrad-form
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2019
Jo Andre Tandstad er på
veg mot vår-forma. Vi trur målet hans er 17-talet i Konradløpet. Det kan gå
etter det vi har sett av han etter to løp i Ålesund vinterkarusell på nyåret.
Han deltok i tredje løpet. Der greidde han 21.26. Nokre veker seinare gjorde
han 20.54, og gav Fridtjof Fredriksen kamp til døra. Fridtjof kjende nok pusten
bak seg, og gjorde sesongbeste av sine fem løp med 20.49 sist laurdag. Som
betyr at både Fridtjof og Jo Andre er godt nede på 18-talet i Konradløpet på
noverande form.
Kjenner vi Jo Andre rett kan han til og med
snuse på 17-talet, om han får klaff med årets «bootcamp»-opplegg. Sjå opp for
Jo Andre 1.mai!
PS. Jo Andre vart nummer
fem av 25 fullførande på 5 km i siste løpet i vinterkarusellen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024