Peikar ein veg for Jorunn og Anja
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2019
For ikkje mange månader
sidan hamna to kvinner i sin beste alder frå Ikornnes i Ålesund. Det var
laurdag og det var vinterkarusell. Vi trur ikkje dei var spesielt høge i
hatten, men det hjelpte at rutinerte Radka var der saman med dei.
For kva hadde dei gjort?
Jau, dei hadde meldt seg på fem kilometer i vinterkarusellen. Ei tankelaus
handling tykte dei sikkert kvarteret før start. Jorunn hadde 30 minutt som mål.
Ho greidde tida med glans og gav Radka æra då det heile var over. Sidan den
gong har det gått berre ein veg, og dei har gjort løpa sine på eiga hand.
Etter ein vellukka debut
har det vorte fire nye løp på kvinnene frå Ikornnes, og fire nye personlege
rekordar. Nyt den flotte framgangen deira løp for løp:
Jorunn: 28.52 – 28.46 - 27.40
Anja: 27.55 – 27.07 – 26.22
Jorunn er mellom dei
påmelde til Konradløpet 1.mai. Tidene frå Ålesund betyr at ho truleg vil hamne
på 24-talet ein stad. Anja ganske sikkert på 23-talet om ho stiller.
VIL-Nett gler seg over
Jorunn og Anja sin framgang!
På fotoet ser vi Anja
Skram Eikrem (19) i selskap med Eyvind Sommerfelt (72) og og Atle Istad (70).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024