44.40 på mila for Andreas
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2019
Andreas Mosby Nakken har
veksla mellom 5 og 10 kilometer under vinterkarusellen denne sesongen. Før sist
laurdag hadde han 20.54 og 21.01 på fem kilometer, og 49.13 på den doble
distansen.
Sidan fem kilometer tidene
er vesentleg sterkare enn 49.13, var det venta at Andreas ville perse kraftig.
Og det gjorde han. Det vart 44.40 denne gongen, og vi vert ikkje overraska om
han alt neste gong pressar tida ytterlegare ned. Vi registrerer stor framgang
siste året for begge Nakken-tvillingane på løps-fronten. Kjekt at vi også har tenåringar
i rekkjene våre, som Sivert Andreas og Ildri.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024