46 påmelde i Konradløpet før 1.mars

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2019

For ei tid sidan lova vi å trekkje nokre premiar mellom tidleg-påmeldingane i Konradløpet,
med frist 1.mars for å vere med i trekninga. Det viser seg no at 46 utøvarar frå fem nasjonar
(Jamaica, Tsjekkia, Slovakia, Litauen og Noreg) vert med i trekninga. Det talet er arrangøren
godt nøgde med, kring 15 prosent av det vi reknar med blir startfeltet under hovudløpet
(start 05.00).
Dei to som var raskast ute med påmeldinga i 2019 var John Henrik og Johannes Welle
Gratulerer til dei!
Premietrekninga vert filma, og vil truleg fyrst verte presentert på VIL Facebook.