Johan Sverre Strøm (1929-2019) til minne

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2019

Siste åra av livet sitt
var Johan Sverre Strøm « fotalaus», som det heiter på lokal-språket. Difor er
det naturleg at mange i Tandstad krins ikkje tenkte på mannen som ein tidlegare
løpar. Til og med ein svært dyktig løpar. For det var nemleg Johan, og det kan provast,
ganske så lett.

Vi hoppar tilbake til året
1949, Johan Strøm sitt siste år i juniorklassa. Aktiviteten på sportsfronten
var denne tida enorm, etter ei oppbløming etter forbodstida under 2.verdskrig.
I Velledalen IL sin resultatbase for dette året finn vi at banesesongen vart
opna på Aksla stadion. Her vann Johan Strøm frå IL Ringen 3000 meter i
juniorklassa på 10.00.9. Og det fell naturleg

   og spørje: Kven hadde sprunge 3000 meter på
denne tida i Sykkylven i 2019…….?

Johan Strøm hadde to harde
konkurrentar i Velledalen IL i Paul Hole (fødd 1929 som Johan) og Torleiv Hole
(fødd 1930).

 Seinare same år sprang Johan Strøm 800 meter på 2.07.1 og 1500 meter
4.25.1.

 Paul Hole vart KM-vinnar på 1500
meter dette året (1949) på ei tid som berre var eit par sekund betre enn tida
til Johan Strøm.

 Og vi spør igjen: Kvar finn vi 20-åringen som spring 800 meter i
Sykkylven på 2.07.1 i 2019…..?

Og vi må hugse at dette er
tider frå koksgrus-tida, ikkje tartan-dekke som i dag.

Somme har sikkert problem
med å skjøne kor bra dette er. Men, for å hjelpe kan vi overføre til
Konradløp-nivå: 3000 meter tida til Johan Strøm som 20-åring, gir ei snittfart
på kilometeren på 3.20 (tre minutt og 20 sekund).

 Som betyr at han heilt
sikkert hadde sprunge det 4,45 km lange Konradløpet på under 3.30 per kilometer.
 Som igjen betyr at han ville gjort løpet
på ca 15.30, eller til og med kanskje litt raskare!

Ingen frå Tandstad krins
har nokon gong sprunge Konradløpet så fort!

Og dei få sykkylvingane
som held/har halde Johan Strøm sitt nivå er:

15.09: Kjell Magnar Berli
(2016)

15.17: Sverre Gunnar
Brunstad (2009)

15.22: Njål Torillson Tyssing (2015)

15.29: Nils Terje Skylstad (2004)

15.32: Per Inge Bjørnestad
(2015)

Vi lyser fred over
kvalitetsløparen Johan Sverre Strøm sitt gode minne!

  

Atle Jomar Hole

PS. Velledalen IL kjenner
ikkje til Johan Strøm sine personlege rekordar. Dei tidene vi har referert her,
er tider han gjorde i sitt siste år som junior.