102 gjekk Barnas Fjellsæterrunde
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2019
Det var ingenting i vegen
med innsatsen. Heller ikkje vêret, sjølv om ein litt lei vind gjorde at det
vart motvind i siste halvdel av rennet. Rennet talde også som renn tre i den
lokale langrennscupen. I tillegg til borna, deltok sju vaksne, slik at det totale
deltakartalet vart 109.
I slike renn er det stor
alders-skilnad mellom løparane. Naturleg nok gjekk dei eldste – i ungdomsskulealder
– raskast. Men også unge gutar som Johan Fløttum Fauske og Tobias Ibsen Lervåg
kom høgt på listene. Diverre vart det litt «bingo-prega» kven som fekk
registrert tider. Ei av beste jentene, Madelen Vikingsen Nerhus, står førebels
utan tid, og det same gjer Johan Fløttum Fauske, som låg topp-4 mellom gutane
like før mål.
Etter målpassering kunne
alle leske seg med saft og medalje rundt halsen.
FAKTA:
Beste senior: Fritjof
Fredriksen 32.42
Beste gut: Mathias Myrseth
Heimstad 12.56
Beste jente: Marthe
Myrseth Heimstad 18.55
Resultat :
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024