Henning påmeld i NM motbakkeløp

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Feb 2019

arkivfoto
NM motbakkeløp 2019 vert
altså arrangert på Sunnmøre med start frå Fjørå Kai. Løypa er kring sju
kilometer og stig 1100 høgdemeter på sin veg mot toppen av Mefjellet.

Arrangøren har no opna for
påmelding. Midt på dag onsdag 20. februar stod tolv namn på lista. Mellom desse
Henning Tandstad. Han gjorde seg kjend med løypa i 2018, då han brukte 1.12.28
på turen, som heldt til 16.plass i klasse 23-34 år. Vi vil tru Henning har som
mål å kome under den magiske 1.10.00-grensa under NM-løpet.

VIL-Nett reknar med at
Velledalen IL vert godt representert under NM-løpet. Kor mange deltakarar er
vanskeleg å seie, men vi reknar garantert med Frode Mauren på startlista. Han
gjorde 1.05.26 i 2018. Og var misnøgd med den tida. Under optimale forhold kan
1.00.00 vere ei tid å strekkje seg etter for Frode.

VIL-Nett vil i tida
framover med ujamne mellomrom halde lesarane våre oppdaterte med påmeldingane i
ulike lokale løp.