Svein og Kjell Magnar går Furusjøen Rundt.

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2019

arkivfoto
Saman med Fridtjof
Fredriksen skal Svein og Kjell Magnar gå Furusjøen Rundt, eit 45 km langt
seedingsrenn. Rennet går på Kvamsfjellet, ved inngangen til Rondane
nasjonalpark. Rennet vert også kalla «Eventyret i Rondane»

Og dette «eventyret» er tredelt med renn (16.februar), ritt (6.juli) og
løp (7. september).

Kjell Magnar startar i
klasse M 30, medan Svein og Fridtjof vert å finne i klasse M 50

I fylgje langrennsleiar i
VIL, Svein Arne Nakken, reiser ein tropp på fire frå Sykkylven nedover – tre løparar
og ein massør.

Resultat frå rennet
   finn du på VIL-Nett i løpet av helga.