VM i Velledalen Naturbarnehage
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2019

Tysdag denne veka
arrangerte Velledalen Naturbarnehage VM
(Velledalsmeisterskap). Det var avdelingane Geita og Råna som kosa seg utandørs
med kjekk vinterleik. I tillegg til skirenn, fekk alle prøve seg på «snøballbowling»
og «flaskerace».
Etterpå var det medalje (sjokolade)
til alle.
Varm saft og pølse med brød høyrer sjølvsagt
også med, og rundt bålet inne i grillhytta var det godt og varmt sjølv om ute-temperaturen
viste minus 10 grader, skriv Anita Nakken, som helsar VIL-Nettsida frå alle i
barnehagen.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024