Lovande takter av Steffen Mork i KM
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2019
I alt deltok 120
deltakarar i rennet som var krinsmeisterskap (KM) for utøvarar 13 år og eldre. Ingen
av idrettslaga i Sykkylven kommune var representerte i rennet, der arrangøren
smurde alle ski med lik, fluorfri smurning.
Men familien til Stian
Mork var på plass med Bettina og Steffen som renn-deltakarar. Bettina fullførte
med glans i klasse J 8år og yngre. Ei klasse utan
tidtaking. Steffen noterte nest beste tid i
klasse G 10 år, berre slegen med seks sekund av ein løpar frå Molde og Omegn IF.
Bettina og Steffen representerer Emblem IL. Så dette lovar bra, Steffen!
Nabobygda vår, Stranda,
mønstra fem utøvarar frå tre ulike idrettslag (Sunnylven IL, Liabygda IL og
Stranda IL) Hedda Johanne Schreijer, Stranda IL, vart KM-vinnar i klasse J 15
år. Fylgjande sunnmørsklubbar fekk KM-titlar: Valldal IL(4), Stordal IL (3),
Hovdebygda IL (2), Emblem IL og Stranda IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024