Frode har testa seg i Trondheim

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2019

Mange er kanskje ikkje
komfortable med uttrykk som terskelpuls, terskelfart og maxpuls. Men driv ein
idrett på seriøst nivå, er det viktig med kjennskap til slike uttrykk og eigen
kropp.

Før Frode reiste, tippa han
eigen terskelpuls var 167. I Trondheim vart denne målt til 170.

Terskelfarta vart målt til
14,7 km /t.

Maxpulsen han sjølv tippa
til 189, vart i Trondheim målt til 191.

Testen viste elles at
Frode kan springe lenge med mjølkesyre, ein viktig einskap for ein løpar. Og
han fekk gode tilbakemeldingar på eiga form:

 -
   

 Lærte utolig mye
i dag og vi hadde en lang prat, skriv Frode til VIL-Nett.

Om nokon er interessert i
kva Frode lærte, så møt opp:

I kafeavdelinga på
Nærbutikken i Velledalen torsdag 7. februar ca klokka 10.30.

Etter vareleveringa fortel
Frode om testen i Trondheim over ein kopp kaffi og fem mokkabønner per frammøtt
person. Har du tid, Radka…her er kunnskap å hente
 ?