Halvårsvarsel frå klubbmeteorolog 1

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2019

Etter grove bom
både når det galdt vervarsel for oktober og november har denne
klubbmeteorologen teke ein timeout for å kome til hektene att. Heldigvis
fekk eg almanakkken så seint i hende at eg ikkje rakk å spå januarveret.
Det var endå godt, for det hadde også vorte feil.

   

  Heldigvis har
VIL ordna seg med ein ekstra klubbmeteorolog, slik at lesarane kan velje kven
ein vil forhalde seg til. Kjetil Pål har drive i bransjen i mange år, og
er for veteran å rekne, så eg reknar med at VIL er eit av dei idrettslaga
i landet som i høve medlemstalet stiller med det største
klubbmeteorologkorpset.
   

   

  Så til
veret.
   

  Frå ein gong
først i februar vil det kome noko nedbør, mest truleg som regn eller
sludd. Siste del av februar ser det ut til å verte fint vinterver, slik
at vi får høve til å sjå sola ein grann.
   

   

  Mars vert stort
sett ein månad med mykje nedbør, mest som regn. I slutten av mars vert
det turrare, og relativt kaldt.
   

   

  I april ser det
ut som det kjem varme i laupet av første veka i månaden, og det vert fint ver
fram til midt i påska. I laupet av påska ser det i følgje almanakken ut
som veret snur, og det vert nokså kaldt. Om det vert nedbør eller ikkje i
slutten av april går ikkje klart fram av almanakken
   

   

  Konradløpet 1.
mai ser ut til å gå i relativt kjølig ver, men det er lite truleg det vert
nedbør av særleg omfang. Første del av mai ser ut til å verte kald med
ein del nattefrost, men frå omlag 17. Mai snur det til skikkeleg flott varmt
og godt sommarver. Akkurat dette verskiftet ser ifølgje almanakken ut til
å vere nokså sikkert.
   

   

  Det er mykje
som tyder på at også starten av juni vil verte varm og god med lite nedbør.
   

   

  Når det gjeld
sommarveret, så har denne klubbmeteorologen fri, og overlet ansvaret for det
til andre.
   

   

  mvh
   

   

  Per-Gunnar
Holmberg
   

  klubbmeteorolog
1