Historisk renn i ski-orientering 3.mars

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2019

Ski-orientering har ein
sterk posisjon i Rindal – kommunen som har forlate Møre og Romsdal til fordel
for Trøndelag – spesielt gjennom utøvaren Lars Moholt, som fleire gonger har
hausta internasjonale triumfar. Rindal IL er dessutan Alf Petter Bøe sin klubb.
Men elles i fylket kjenner vi ikkje til noko miljø i greina ski-orientering.
Difor vert rennet i Sykkylven 3.mars ei historisk hending.

Prismus motorane for
arrangementet er Audhild Bakken Rognstad (NM-vinnar ski-o i 2019) og vår eiga
Pernille Ibsen Lervåg. Pernille fortel:

 -
   

 Ein må ha eit
o-kart i botn, som Velledalen IL har over området Fjellsætra. Så må ein fjerne
alle stiar og informasjon om myr og liknande som er utan interesse om vinteren.
Deretter må ein skaffe seg gps-data på kvar trakkemaskina har køyrt spor, og
ein må køyre skuterspor på kryss og tvers. På kartet får trakkemaskina sine
spor ein heiltrekt tjukk farge, medan skuterspora får anna farge og utsjånad.
Geir Helge (Grebstad) skal hjelpe med skuterspor og «gps-tracking» av løypene.

Pernille fortel vidare at
alle postane står ved spor. Ein skal altså ikkje vasse rundt i laussnø. Det går
med andre ord ut på å vurdere om det lønner seg å ta sporet til trakkemaskina,
eller om ein skal velje skutersporet….Men ein er sjølvsagt velkomen til å vasse
på kryss og tvers i laussnøen om ein har tru på at det lønner seg.

Kartet har ein med i eit
kartstativ på magen.

Opplegget som skissert
ovanfor er tenkt for større born (ca 10 år og oppover). For mindre born vert
det eit opplegg der ein kan sjå frå post til post, og berre skal gå på ski og
stemple på postane. Altså ikkje kart og kompass å halde styr på.

Dette vert heilt klart
spennande. Og vi trur alle som har høyrt Svein Nakken fortelje om den gongen
han
   sprang seg vill på Emblem – på barmark
– tenkjer:

 -
   

 Her Svein, her
kan du få revansjen din, lommekjend som du er i området – og gå på ski; det kan
du!