Ny idrett i kjømda; skiorientering!
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jan 2019

Velledalen IL driv orientering, og då er ikkje vegen skremande lang til
idretten skiorientering. I alle fall så melder Pernille Ibsen Lervåg i
O-gruppa, at det vert arrangert eit prøve-renn på Fjellsætra denne vinteren.
Truleg i veke 9.
Pernille arbeider med eit
opplegg saman med Audhild Bakken Rognstad frå Emblem IL. Og det er ingen kven
som helst. Audhild er nemleg fersk NM-vinnar i skiorientering frå januar 2019.
Såleis burde alt vere i dei beste hender.
Så gode o-løparar: Bli med
i jomfrurennet i skiorientering, så vidt vi veit aldri tidlegare arrangert i
Sykkylven!
Det vil sjølvsagt kome
meir informasjon. Enn så lenge kan litt ski-trening vere lurt.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024