«Årets nykomar 2018» fyller 46 år 16.januar

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2019

Eigentleg er det Nærbutikk-sjefen i Velledalen, Henning Tandstad, som
skal ha æra av at Frode i dag representerer Velledalen IL. Frode køyrer nemleg
varer for Giørtz, og er såleis ofte innom butikken. Erfarne folk på overgangar
ville sagt at vegen frå Vegsund Racing til Velledalen IL, ikkje var spesielt
komplisert.

Frode trivst i laget vårt.
Resultata viser det. Stort sett nye personlege rekordar kvar gong han er i
aksjon. I alle fall på karusell-løpa over 10 km. Det er ikkje lenge sidan han
kom under 40 minutt for fyrste gong. Same dag, og på same tidspunkt som løpet
gjekk, kom ein oksekalv til verda i Olagarden på Hole. Den heiter sjølvsagt
Frode. Men i neste karusell-løp vart persen pressa ned til 39.24, og sist
laurdag stoppa klokka endå tidlegare - 38.57.

Kvar dette skal ende, er
ikkje godt å seie. Også i motbakkeløpa har han vist framgang med stadig nye
bestenoteringar. Unnataket var «Mefjellet Opp», årets NM-arena for motbakkeløp.
Men i rettferda sitt namn skal det nemnast, at løps-dagen var plagsam varm i
indre strok.

Frode er elles ein
føregangsmann i korrekt bruk av VIL-kleda.

 -
   

 Kleda er viktige
for samhaldet og klubbkjensla, og eg spring raskare med VIL-trøya på, har Frode
sagt.

Slike ord kan vi like!

Måtte det bli mange torsdagsmøte
i kafeavdelinga med kaffi, mokkabønner og god prat også i 2019!

46 år er ingen alder.
 Vi minner om Olaf
Øien sine 17.06 i Konradløpet som 61-åring. Det er 15 år dit - du har tida føre
deg, Frode!

Idretts-venene dine i Velledalen IL gratulerer med 46 års dagen!

PS. Sidan du no har blitt
så god, er kasserar Henning redd for at Vegsund Racing skal kome med eit nytt,
og utvida krav.