Idrettsgalla: Freyja henta to prisar
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2019

Elisabeth Sjøli fekk «Messeprisen
2018». Den vart henta av Freyja Sjøli-Grebstad, ei snerta jenta som er flink
både i springing og orientering.
Etter ho hadde henta mora
sin pris, fekk ho spørsmål om ho kunne ta med seg «Dugnadsprisen 2018» til
Johan S. Grebstad. Alle såg at jenta vart tvilande. Så fekk ho spørsmålet:
-
Kjenner du han
Johan S. Grebstad?
Jenta rista energisk på
hovudet. Det gjorde ho ikkje. Så kom neste spørsmål:
-
Men du kjenner
vel han Bolla?
Då skein ho opp. Jau, han
kjende ho då.
Og slik kunne altså Freyja
reise heim med to prisar. «Messeprisen» til Elisabeth Sjøli og «Dugnadsprisen»
til bestefaren, Johan S. Grebstad.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024