Idrettsgalla: «Årets mediestunt» til Roger
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2019
Vi skal tilbake til mars
2018 og Birkebeinerrennet. Kven andre enn Roger Malvin Hole dukka opp på
Dagsrevyen i beste sendetid dagen før Birkebeinerrennet. Der fortalde han om
kva som burde vere i ryggsekken, og han svara på strak arm på andre spørsmål i
samband med rennet. Og han gledde alle i VIL med antrekket, med VIL-hua trygt
planta på toppen.
Flott og positiv overrasking
for mange i heimbygda, og kjenningar av Roger elles.
Slikt gir pris, og i 2018
nådde ingen Roger Malvin Hole til knea i kampen om «Årets mediestunt 2018».
VIL-Nett gratulerer!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024