Ei grasbane i «øydemarka»
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2019
VRF sitt nedslagsfelt var
skulekrinsane Tandstad og Velledalen. I glanstida med kring 1500 innbyggjarar
samla. No er folketalet vesentleg lågare. Hussal til fornuftige prisar er tungt
i begge krinsane. Tandstad krins har mist skulen med meir, og det er slett
ikkje noko lystig syn lenger å køyre gjennom «hovudgata» i Straumgjerde.
Sommaren 1971 fekk VRF
sitt nedslagsfelt opna grasbane nummer to. Fyrste helga i juli dette året vart
Dalemyra stadion opna. Frå før hadde ein Slettegjerde grasbane. I dag er det
ikkje rift etter å bruke naturgrasbaner. Slettegjerde og Dalemyra vert stelte
etter alle kunstens reglar. Men kapasiteten til anlegga er større enn den
faktiske bruken.
Kanskje har ikkje slike
anlegg livets rett lenger…. ? Ikkje veit vi, men det kan vere interessant å
kike litt på kjendisfaktoren til personane som eksempelvis har trakka rundt på
Dalemyra. Den er høg. Faktisk på grensa til skyhøg i nokre tilfelle.
Ordførarar
.
Ei rad personar som har spela på Dalemyra eller vore dommarar der, har seinare
i livet blitt ordførarar. Dei mest kjende i så måte er kanskje Hans Gisle
Holstad som spela på Hødd og Hareid, og seinare vart ordførar i Hareid. Willy
Nesset har mange kampar på Dalemyra for Haddal og Hareid. Også han vart
ordførar i Hareid kommune. Romsdalingen Bernhard Riksfjord har vore
fotballdommar på Dalemyra. Han er i dag ordførar i velstandskommuna Aukra. Og
vi må ikkje gløyme vår eigen Petter Lyshol – godt kjend med grastustane på
Dalemyra som dommar, for seinare finne sin plass i ordførarstolen i Sykkylven.
Far til Kjetil.
Kjetil Rekdal har ein høg posisjon i norsk fotball. Både som tidlegare spelar
og trenar. Far til Kjetil, Sigmund Rekdal, har handtert dommarfløyta på
Dalemyra.
Åge Hareide.
Under baneopninga i 1971 vann VRF 1-0 over Hødd i finalen. Den gongen med ein
ung Åge Hareide på ulstein-laget. Hareide har seinare gått gradene som spelar
og trenar. I dag er han dansk landslagssjef i fotball.
Jo og Knut Nesbø.
Ti år seinare, i
1981, møtte VRF Molde i 1.runde i NM-cupen på Dalemyra.
Molde vann 2-0, mellom anna med Nesbø-brødrene på
laget. Knut Nesbø (vart sportsjournalist i NRK fjernsyn) scora eitt av Molde
sine mål i denne kampen. Broren til Knut, Jo Nesbø, vart verdskjend forfattar. Somme har til å med trudd at Nesbø sin
kjende skapnad Harry Hole har «avstamming» frå Velledalen, men det er ikkje
rett. I Nesbø si eiga bok om songtekstane sine fortel han at Harry er etter
favorittspelaren Harry Hestad, og Hole er etter ein tidlegare lensmann i
Eidsvåg. Som born vart han truga med at: «er du ikkje snill no så kjem an Hole
og tek deg».
Ole Gunnar Solskjær.
Kristiansundaren har aldri spelt på Dalemyra, men han har vore der. På
1990-talet ein gong. Som tilskodar. Det var på den tida VRF sitt damelag var på
sitt beste. Då møtte laget Clausenengen frå Kristiansund, og der spela Silje
Lyngvær, som vart kvinna i Solskjær sitt liv. Solskjær var Molde-spelar den
eine gongen vi veit han vitja Dalemyra.
Ole Gunnar Solskjær er i
dag mellombels manager i Manchester United.
John Arne Riise
har spela på Dalemyra både som purung gut og i meir aldrande utgåve. Riise er
nok mest kjend for ei stor karriere i klubbar som Monaco. Liverpool og Roma.
Han fekk 110 kampar med det norske flagget på brystet. Mest i heile kongeriket.
Riise er i dag sportsdirektør i den maltesiske klubben Birkirkara, der
tidlegare Lillestrøm-spiss Michael Mifsud spelar.
Johan S. Grebstad
sitt lodd i livet vart å stelle Dalemyra. Det har han gjort godt.
Sidan bana vart opna i 1971 – 48 år sidan til sommaren – er det i hovudsak
Bolla og svogeren Per Hole Drabløs som har gjort jobben. Heilt gratis! Ingen
liten jobb, og vi håper karane ser det som ei stjerne i margen at namn som
nemnde ovanfor i det heile har vore på anlegget «deira». Slike stjerner vil
neppe trakke ned graset på VIL-bana dei neste 48 år….. I dag er Johan S.
Grebstad framleis banemeister på Dalemyra, og på denne dag dette er skrive
fyller han 78 år!
Bana og vedlikehaldsjobben
har generert mykje glede til grenda
GRATULERER OG TAKK, BOLLA!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024