Fødselsdagar og andre tunge jubileum
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2019
30. desember 2018:
Vi opnar med
ein gratulasjon til eit par som feira
gullbryllaup 30. desember 2018. Nemleg Ellinor og Kjell Arne Brunstad, som vi
med godt samvit kan kalle eit av dei store «Konradløp-ektepara». Ellinor med 17
deltakingar. Kjell Arne med 16. Og kor mange løp har vore arrangert er det
naturleg at du undrar….Talet er 17.
3. januar 2019:
Roger Malvin Hole, som sorterer under Velledalen IL si Oslo-avdeling,
passerte 53 år denne dagen. Vi nemner kort at Roger i 2018 greidde merkekravet
i Birkebeinerløpet og gjorde fleire andre solide løp for Velledalen IL i klasse
50-54 år. VIL gratulerer med overstått fødselsdag.
6. januar 2019:
Æresmedlem i Velledalen IL, Johan S. Grebstad (Bolla), fyller 78 år.
Johan S. Grebstad er identisk med mannen som steller
Dalemyra stadion etter alle kunstens reglar. Ein av dei med flest dugnadstimar
i VIL i 2018. Ein mann som både fortener takk og gratulasjon!
6. januar 2019:
Kjell Arild Skogvold
fyller 50 år den 6. januar. Ein stor dag i seg sjølv. Men det folk flest truleg
ikkje veit, er at Kjell Arild har nok eit tungt jubileum denne vinteren. Det
har seg slik, at vinteren 2019 er det 40 år sidan Kjell Arild vart
fylkesmeister i alpint. Jau då, tida går. Kjenner vi mor Liv rett, kan Kjell
Arild vente seg ei ekstra kake denne vinteren.
Velledalen IL gratulerer
både med 50 års dagen og at det er 40 år sidan FM-tittelen i alpint!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024