Idrettsåret 2018 i verbale blomar
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2018
La det vere klart at rose-bukettane vi her «deler ut» heng høgt. Gå
gjennom lista – som fortel om høg aktivitet i idrettsåret 2018 – og meld gjerne
frå om du synest vi har gløymt nokon.
JANUAR:
Ingen
FEBRUAR:
·
Ein bukett for 168 delt. I Barnas Fjellsæterrunde
·
Bukett til Knut
Orre som såg behovet og starta ski-instruksjon mellom unge.
MARS:
·
Bukett til Svein
A. Nakken og Olav Brunstad som begge gjekk Birken for 24. gong.
·
Blomar til
Michael Uhlar som sprang PåskeKonrad på 17.05 med barnevogn.
·
Blomar til
Velledalen IL som «integrerings-institusjon». Då AP Bøe tromma saman til
intervall-trening i påska 2018, møtte seks personar frå fem ulike fødeland.
VINTER/VÅR:
·
Bukett til
O-gruppa og Langrennsgruppa som arrangerte høvesvis SentrumsCup i orientering
og Telenor/FjellsæterCup i langrenn med god deltaking i 2018
APRIL:
·
Bukett til
Odd-Kåre Fet som tok krava til idrettsmerket for 50.gong.
·
Bukett til
MiniKonrad som samla 160 deltakarar på Dalemyra.
MAI:
·
Bukett til Kjell
Magnar Berli som endeleg vann Konradløpet.
·
Bukett til
Konradløpa som totalpakke i Slovakia (24 delt), Oslo (14 delt) og Velledalen
(494) med totalt 532 deltakarar i 2018.
·
Ein bukett til
Kjellaug Ulset som vart fyrste kvinne over 90 år i Konradløpet
·
Bukett til Anette
H. Jokstad for 7.plass i elite-debuten i Toughest Malmø.
·
Bukett til
Pernille Ibsen Lervåg som i løpet av seks dagar vart KM-vinnar i orientering
(mellomdistanse) og beste kvinne i Konradløpet og Eikenosa Opp.
JUNI:
·
Ein stor bukett
for VIL-innsatsen Nibbehelga. Olaf Øien sprang sitt 25 Nibbeløp av 25 mulege.
Radka vann Nibbedobbelen for kvinner og Kjell Magnar nummer to i Nibbeløpet på
1.42.52. Espen og Per Inge sykla best frå Sykkylven.
·
Kjell Magnar
(17.47) og Radka (22.30) vann Tomasløpet. Rekord av Kjell Magnar
·
Sverre Gunnar
Brunstad (51) sprang halvmaraton på 1.19.51. Bukett til han.
·
Bukett til
Oslo-avdelinga for sportslege og sosial bidrag gjennom heile sesongen. Ei skadd
Anette Jokstad tok 13 «hangups» under sommaravslutninga (VIL-rekord…?)
JULI:
·
Bukett til Radka
som sprang ultraløpet Hornindal Rundt (75 km) på 14.02.12, og vart nr 2i klasse
35-39 år under debuten. Takka vere søstrene Emma og Christina Holmberg kom tre
av 22 fullførande kvinner frå Velledalen IL.
·
Pernille var mellom 4500 delt. under veteran-VM i
orientering i Danmark.
Vart nr 26 i
sprint, 16 på mellom-distanse og åtte på langdistanse. Vel verd ein bukett.
·
Radka sette ny klubbrekord for VIL på maraton for
kvinner på Sekken. Tid: 3.50.02.
AUGUST:
·
Bukett til Radka
som vart «Ironman» i Kalmar etter 3,8 km symjing, 180 km sykling og 42,2 km
springing. Tid: 13 timar 17 minutt.
·
VIL hadde fire utøvarar med under Midt-Norsk i
orientering. 7.plass i mix-stafetten kan fortene rein bukett.
SEPTEMBER:
·
Kjell Magnar får bukett som «Over all winner» i
Romsdalseggen Fjord to Summit 2018.
·
Bukett til
o-gruppa for svært vellukka samling og løp på Fjellsætra. Over 60 utøvarar på
samlinga, 85 deltok i Haustsprinten.
·
Nikolai Handle
Jensen imponerte i Toughest Oslo, der han vart nummer 19. Beste nordmann nummer
13. Bukett til Nikolai.
·
Bukett til Njål
Torillson Tyssing som vart nummer 42 under maraton-NM på fantastiske 2.50.39
·
Pernille sprang
halvmaraton i København på 1.39.52 og sletta Radka sin VIL-rekord frå Ålesund same
år (1.40.06) med fattige 14 sekund. Bukett til Pernille
OKTOBER:
·
Emma Holmberg får
bukett får yngste VIL-medlem som nokon gong har fullført eit maraton.
Emma sprang
Kosice Peace Maraton dagen før 19 års dagen sin.
NOVEMBER:.
·
Førjulsmessa er
vel verd ein bukett. Nok ein gong suksess og godt over 100 000 kroner
netto.
DESEMBER:
·
Bukett til Inger
Riksheim som trimpost-vinnar samanlagt med 3660 poeng.
·
Ny rekord i talet
på grasrotkroner til VIL, knappe 28 000 kroner i 2018. Bukett til
grasrotspelarane.
·
Bukett til dei
fem som var i aksjon under Nyttårsmaraton i Ålesund på årets nest siste dag.
Fire av dei sette nye personlege bestetider. Og den som ikkje gjorde det, AP
Bøe, vann like godt klasse 50-54 år.
·
Bukett til Sivert
og Andreas Mosby Nakken som er dei yngste VIL-utøvarane som nokon gong har lagt
bak seg eit halvmaraton-løp.
·
Bukett til Frode
Mauren som «Årets Nykomar» i VIL. Ingen har konkurrert så mykje som han
halvåret han har vore mellom oss. Framgang på alle distansar. Og viktig; han
ber kvar gong VIL sine klubbklede med stil og profil.
VELLEDALEN IL YNSKJER GODT
NYTT ÅR TIL ALLE LESARANE SINE!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024