VIL-juniorar av prima kvalitet for 70 år sidan
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2018
Somme veit det, andre har
ikkje peiling. Men faktum er at dei to karane på dette fotoet, Paul og Torleiv
Hole, var to av Velledalen IL sine desidert beste juniorar i etterkrigsåra.
Begge hadde styrken sin på mellomdistansar som 800 meter og 1500 meter.
Med tider godt under 2.10 på 800 meter, og stort sett mellom 4.20 – 4.30 på
1500 meter. Paul vart KM-vinnar på 1500 meter for junior i 1949.
Begge var også habile
skiløparar. I 1951 gjekk begge på Velledalen IL sitt lag som vart nummer to i
KM i skistafett (4X10 km), bak Stranda IL. Dei to andre på laget var Jon C.
Brunstad og Olav P. Hole.
Begge karane er mellom dei
faste under VIL sin romjulsmarsjar, og vi registrerte at den enno er lette på
foten – 70 år etter glanstida deira på løpebana.
Hurra for Paul og Torleiv!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024