Olaf Einar – ei gåve til veteranidretten i Sykkylven

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2018

I mai 1943 venta Ester og
Oskar Adelstein Øien frå Haugøya ved Hitra sitt tredje born. Frå før hadde dei
to gutar. 31. mai kom gut nummer tre. Han fekk namnet Olaf Einar. Seinare fekk
paret tre jenter, slik at Olaf voks opp på Haugøya saman med mor og far og fem
syskjen.

Oskar, som tidlegare hadde
vore maskinist på båt på Selbusjøen, fødde denne tida familien med heimefiske
frå robåt i tillegg til nokre sauer.

Rodde til skulen.
  Skulegangen sin gjorde Olaf på Hitra. Ein 20 minutt ro-tur på 20
minutt frå Haugøya der han budde

 -
   

 Det var far vår som rodde oss til skulen. Etterpå
rodde han på fiske, fortel Olaf.

 -
   

 Og det var dei
vaksne som vurderte vêret; om vi skulle på skule eller ikkje. Det vart ein del
skoft, minnest Olaf, som fortel at etter ro-turen var det kring kilometeren å
gå til skulen.

Straumlaus skulegang
 . Det høyrest utenkjeleg ut i dag, men Olaf fortel om ein todelt skule
utan tilgang på straum.

 -
   

 Krafta kom seint
til Hitra, fyrst i slutten av 50-åra. Telefon og radio var det heller ingen som
hadde då eg var smågut, fortel Olaf.

Arbeidsliv.

Etter barneskulen dreiv Olaf fiske. Frå robåt. Det var vanleg at gutane fekk
eigne båtar tidleg. Då Olaf var konfirmert kjøpte han seg båt med motor (brukt).
Det å sleppe ro vart som ei ny tid. Normalt brukte to karar dele på ein båt
etter motorane kom.

Vidare kan vi melde
fylgjande frå ungdomstida/ fyrste del av vaksenlivet:

 ·
   

 Militærteneste

 ·
   

 Juksafiske i
Finnmark frå 27 fots båt

 ·
   

 Husbygging til
eine systera

 ·
   

 Fire og eit halvt
år om bord i passasjer- og godsbåten «Ansnes». Ein privateigd båt som vart
leigd av Fosen trafikklag

Gifteklar.
  Som 28-åring var
Olaf klar for ekteskap.
 Året var 1971. Den
utkåra heitte Gerd Olsen.

 -
   

 Ho er frå Hitra
ho også, «kvennvær», som vi seier fortel Olaf, som no byrja på land. På eit
skipsverft på Hitra som reparerte gamle båtar. Familien voks etter som borna
Geir Olav, Joar og Kristin Elisabeth kom til. Tanken om nytt «beite» tok til å
melde seg då Geir Olav nærma seg skulealder.

Tilfeldig
 .
Familien hadde ingen bastante tankar om kvar dei ville i verda. At det vart
Sykkylven forklarar Olaf slik:

 -
   

 Gerd hadde ein
bror i Sykkylven. Gjennom han fekk vi vite at L.K. Hjelle mangla folk, og at
dei hadde hus som fylgde med stillinga. Og slik enda vi opp i Sykkylven i året
1977.

Olaf fann seg godt til
rette på L.K.Hjelle, som vart arbeidsplassen hans resten av det yrkesaktive
livet. Han var sågar tilkallingshjelp i mange år etter nådd pensjonsalder, og
han har fått Norges Vels medalje for lang og tru teneste.

Reumatisme.

Alle åra i Sykkylven har ikkje vore like sutalause for Olaf Einar. Etter ein
periode med husbygging vart han plaga med verk i musklar og ledd. Han fekk
påvist reumatisme. Medisineringa mot dette var smertestillande tablettar. I tre
samfulle år.

-Prøv jogging, sa Midtlid.
  Vi er no komne langt ut på 1980-talet. Etter tre år
med sterke smerter er Olaf innom bedriftslækjar Midtlid. Her fekk han eit nytt
råd:
   -
   Du kunne prøve med litt jogging. Kutt ut
tablettane og jogg. Ikkje for hardt. Det er betre med tre rolege turar i veka
enn ein hard. Olaf fylgde rådet – det beste han nokon gong har fått av ein
lege.

Puls 40.

Slik kom Olaf med i Puls 40. Ei gruppering modne menn i Sykkylven som jogga
saman to gonger i veka.

Olaf ramsar opp dei han
hugsar var med: Oddvar Rønneberg, Atle Grodås, Steinar Myklebust, Einar Urke,
Ola Risa, Sigmund Kulseth, Jan Brustuen og Svein Indrebø. Og så må vi ikkje
gløyme den åndelege leiaren, skreddaren Kjell Slinning.

Jan Brustuen å takke.
  Olaf hadde ikkje sprunge i heile sitt liv før han kom
til Sykkylven. Og han sprang ikkje før han MÅTTE der heller. Etter råd frå
legen Midtlid. Men konkurrere; nei, det skulle han slett ikkje:

 -
   

 Eg skulle ikkje konkurrere,
eg skulle halde meg i arbeid.

Men slik skulle det ikkje
gå. Olaf var i siste del av 40-åra då Jan Brustuen lokka han med på hans fyrste
løp nokon sinne, i Norangsdalen.

Vart avhengig
 .
Olaf merka at jogginga gjorde han godt. Difor heldt han fram. I starten mest
etter vegar. Seinare i meir variert terreng – både etter stiar og i fjell. Slik
vart treninga litt meir variert.

 -
   

 Eg hadde aldri
noko treningsprogram. Intervall-trening har eg aldri drive med. Eg brukte seie
til Gerd at: - I dag vert det langtur, eller i dag vert det ein kort tur. Det
var alt, fortel Olaf.

I starten vart det mest
småløp han stilte på. Men det gjekk ikkje lenge til grensene vart utvida. Både
til halvmaraton, heilmaraton og motbakkeløp.

Vart lagt merke til.
  Olaf sprang fort. Svært fort med tanke på alderen. Bestetida hans frå
Sykkylven halvmaraton er 1.20.16. Han debuterte i Ålesund halvmaraton som
49-åring med tida 1.22.34. Heilmaraton-debuten gjorde han som 50-åring, også
den i Ålesund, på 3.04.13. Olaf gjorde i alt fire løp på 42 195 meter
(heilmaraton), med 3.02.10 som personleg bestetid. Sett som 53-åring i 1996!

Geiranger – Nibbeløpet.
  Olaf Einar Øien var 51 år då det fyrste Nibbeløpet - av mange sett på som galskap – vart arrangert i 1994. Olaf var ein sprek
51-åring som tok dei 21 kilometerane og 1500 høgdemeterane på 2.03.22. Som
53-åring pressa han tida ned til 1.58.57, som er bestetida. Dei fleste hadde
vel gitt seg ved passering 60 år (eller før), men ikkje Olaf. Kvart einaste år
var han på plass. 31. mai 2018 passerte han 75 år, og 9.juni 2018 sprang han
sitt 25.Nibbeløp i strekk. Ein prestasjon berre Ragnar Seljeseth frå Hornindal
og Olaf Øien har gjort. Steget er ikkje heilt som tidlegare, men farta betyr
ikkje noko lenger. Jubileumsløpet enda på 4.05.31.

 -
   

 Einaste målet
mitt er å fullføre. Hadde eg måtte ta avgjerda her og no, hadde eg kanskje sagt
at dette var slutten i Geiranger, men får eg nokre dagar på meg kjem lysta att,
seier Olaf like etter han har fått medaljen kring halsen på toppen av
Dalsnibba.

 -
   

 Du likar deg
tydelegvis godt i Geiranger…?

 -
   

 Eg gjer det. Det
er noko spesielt her inne, både med løypa, atmosfæra og folket.

13 Konradløp.

Den blide, smilande karen frå Hitra har delteke i 13 Konradløp. Også desse
fortel i klar tekst kor god han var på sitt beste. Som 59-åring sprang Olaf «jomfruløpet»
på 17.22 i 2002. Året etter sprang han på 17.09 som 60-åring, og i 2004 noterte
han 17.06 som 61-åring. Ingen på hans alder har hittil kopiert desse tidene.

I slekt med Knut Børø.
  Etter Olaf kom til Sykkylven tok han sine årlege
idrettsmerkeprøver. Såleis kan vi nemne at Idrettsmerkestatuetten er trygt installert
i heimen hans i Helledalen.

Men kvifor vart denne mannen
så idretts-god…? Rett nok rodde han mykje i unge år, men han trena ikkje før
han kom langt opp i 40 års alderen, og ekspertane ville sagt der var mykje å
setje fingeren på med treninga hans. Dei ville hevda han kunne blitt laaaangt
betre om han hadde trena «rett»…. Truleg har Olaf hatt med seg gode gen. Han
er nemleg i slekt med Knut Børø, ein mann som på 1970-talet både var landslagsmann
og i OL. Han sprang 5000 meter langt ned på 13-talet og 10 000 meteren på
28-talet.

Enno aktiv.

Olaf spring enno. Seinast no like før jul sprang han 2.løpet i Ålesund
Vinterkarusell. I klasse 75+. Det var Sykkylven IL som fekk denne mannen i
gåve, og det var denne klubben han representerte fram til tidleg på 2000-talet.
Då skulle Sykkylven stadion oppgraderast, mellom anna med nytt kunstgras-dekke.
Fleirtalet i SIL meinte at friidretten si tid på stadion var forbi. Slik vart
det, med det resultat at friidrettsgruppa i SIL la ned verva sine. Og slik
hamna Olaf Øien i Velledalen IL. Eit lag som veit å setje pris på veterangåva
frå Hitra.

Soga om Olaf Øien er ført
i penn av Atle Hole 21.desember 2018 i kombinasjon med eting av julekaker og
kaffidrikking i Helledalen. Ei gild førjulsstund!