Romjulsmarsj med julefrukost
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2018
Romjulsmarsjen har vore
eit årvisst arrangement i Velledalen sidan 1979. Siste åra har deltakartalet
vore ganske stabilt like i underkant av 100, medan det i gode, gamle dagar var
opp i 231 på det meste. Ein del av årsaka ligg i folketalet. Då marsjen vart
starta opp budde det kring 600 menneske i Velledalen, i dag kring 400.
Kvar ein går er ikkje det
viktigaste, men trimgruppa legg i flygebladet sitt fram tre forslag:
·
Brunstadgarden
rundt
·
Hjorthol rundt
·
Gå frå
Straumgjerde
-
Ta med familie,
venar eller tilfeldige forbipasserande og møt opp, skriv trimgruppa.
Registreringa av deltakarane
skjer inne i Velledalen grendahus i tidsrommet 11.00-13.00
Sal av mat og drikke i
kjøkkensalen
Alle hjarteleg velkomne
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024