Anita Nakken vann helgakonkurransen

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2018

Spørsmålet var kva nasjon
utøvaren på fotoet kom frå. Utøvaren var Radka Vosicka frå Tsjekkia.

Litt meir om fotoet, som
er frå juni 2018:

Fotoet er teke nær toppen
av Dalsnibba i Geiranger, kring 1500 meter over havet. Radka har mindre enn 100
meter att til den herlege mållina. For den er garantert herleg når Radka fyrst
har sykla frå sentrum av Geiranger til toppen av Dalsnibba på 1.33.50, rulla
ned att til sentrum, skifta til joggesko og sprunge til topps igjen på 2.22.41.
Slikt riv i lekamen!

Dette vert kalla
Nibbedobbelen. Radka vart beste kvinne i denne kraftprøva i 2018. Ho kom i mål
på samla tid 3.56.32. Den nest beste tida ei kvinne nokon gong har gjort. Det
deltok 20 menn i Nibbedobbelen 2018. Radka slo 14 av dei – vi bøyer våre hovud
i respekt!