Skitrening onsdag 12. desember klokka 18.00
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2018
Langrennsgruppa i Velledalen IL startar opp med skitrening onsdag 12.
desember. Frammøte på parkeringsplassen ved skitrekket klokka 18.00.
-
Ta med ski og stavar og godt humør, seier Knut Orre
til VIL-Nett.
-
Målet er at det skal vere nok snø i løyløypa til at
vi kan gå der. Det er gode meldingar til onsdag, fortel Knut, som også hadde
fleire treningar sist sesong.
Dette vert einaste
offisielle treninga på denne sida av nyttår, men i 2019 er det meininga å kome
sterkt både med treningar og cuprenn. Fyrste renn i Telenor/Fjellsætercupen går
etter planen 30.januar i 2019.
Renndatoane kjem vi
tilbake til ganske snart.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024