Jamne tal og sterk 3.plass til Ivar Arne Flo
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2018
arkivfoto
Trimpostgeneral Nils Terje
Skylstad har føre seg timevis med teljing – og rekne-arbeid i samband med VIL
sin 14 trimpostar. Kanskje var det i respekt for dette arbeidet, at Ivar i 2018
gjorde arbeidet lett for Nils. Alle turar til same trimpost, og han stogga på
det nette tal av 300 turar. Med sju poeng for kvar tur fekk Ivar bokført 2100
trimpoeng – ein gild 3.plass i samandraget for trimpostvinnaren av
Riksheimdalen.
Topp-10 i året 2018, frå 3.plass og nedover:
3. Ivar Arne Flo 2100
poeng – 300 turar
4. Jan Kåre Oterhals 1904
poeng – 272 turar
5. Ingrid Brudevoll 1782 poeng – 307 turar
6. Ingunn Hole Hunnes 1715 poeng – 245 turar
7. Kjell Olsen 1676 poeng – 239 turar
8. Nils Terje Skylstad 1565 poeng – 228 turar
9. May Britt Østro 1540 poeng – 220 turar
10. Grethe Fet 1506 poeng – 384 turar
Like ved: Elling Hole 1490 poeng
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024