Tok friidrettsleiaren på ordet
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2018
Kvinna som har teke Alf
Petter på ordet er ingen ringare enn Torild Hole. Tysdag kveld klokka 20.00
viste påmeldingslista sju deltakarar. Einaste frå Velledalen IL så langt;
Torild Hole – fyrste kvinna i VIL som fullførte eit løp over full maratondistanse
(Roma 2015). I ålesund spring ho fem kilometer.
Løpet laurdag 8.desember
har start 15.00. Valfri distanse fem eller ti kilometer. Hugs refleksvest.
Påmelding til «ålesundsloepene.no» eller meld frå til friidrettsleiar Bøe.
Håpet er at Torild ikkje
vert åleine på kvinnesida frå VIL, og så får vi sjå kor mange menn som stiller.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024