O-boka 2018 – ei kvalitetsbok!

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2018

O-boka for 2018 er som
vanleg ei kvalitetsbok. Den handlar om norsk og internasjonal
orienteringsidrett, ført i «penn» av Vidar Benjaminsen og Erik Borg.

Boka omhandlar både elite
og breidde. Viktig med tanke på sistnemnde felt er boka sine distriktssider.
Det vil seie ei eiga side for Møre og Romsdal. Og det var den sida Velledalen
IL fekk i utgåvene for 2016 og 2017. Årets side for vår o-krets handlar fortent
nok om Emblem IL, og deira flotte stafett-innsats i NM. Der trioen Audhild
Bakken Rognstad, Emma Johansson og Vilde Årøen Lykke tok ein sterk 6.plass.

Vidare er alle KM-vinnarar
i langdistanse oppført. Her hadde VIL ingen, men folk med god hugs vil vite at
Pernille vart KM-vinnar på mellomdistanse i 2018. Arrangert i Sula kommune av
Emblem IL.

Elles står Pernille sine
resultat frå veteran-VM i Danmark i boka, med ein knallsterk 8.plass som beste
resultat i klasse kvinner 35.

Men Velledalen IL er nemnt
i boka. Under medlemstal for 2017 har vi ein sterk tredje plass i krinsen:

251: Molde og Omegn IF

143: Emblem IL

139: Velledalen IL 71: Kårvåg IL 52: Halsa IL 25: Norddal IL 1: IL Norodd