Sterk 6.plass til Ingunn Hole Hunnes

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2018

Ingunn Hole Hunnes er for
fyrste gong (trur vi) inne på topp-10 lista. Ho er det vi kallar «spesialist»,
med alle turar til same turmål, nemleg Bruna.

Elles er det å merke at
Ingunn er av god trimslekt. Broren, Elling, vart vinnar av posten
Myrdalsfjellet og vart nummer 11 på total-rankingen med 1490 poeng. Systera,
Kjellaug (snart 91 år), var med god margin inne på topp-5 på trimposten i
Holemarka. Kjellaug har dessutan 17 av 17 mulege Konradløp.

Men her er ikkje Ingunn
langt etter med 16 startar av 17 løp. Vi nemner at ho som «ungdom», sprang
Konradløpet på 27.12 i 2003. Ei langt eldre utgåve av Ingunn sprang på 24.12 i
2016. Dette er oppsiktsvekkande tal. Og eit klart prov på at det er fullt
mogleg å justere forma i rett lei i høg alder. Men slikt kjem ikkje gratis, om
nokon måtte tru det.

Ingunn Hole Hunnes er
nærslekta med Bård Per Erstad, begge med mor frå Honndalen.

Nedre del av topp-10
trimpoeng for 2018:

6. Ingunn Hole Hunnes 1715 poeng – 245 turar

7. Kjell Olsen 1676 poeng – 239 turar

8. Nils Terje Skylstad 1565 poeng – 228 turar

9. May Britt Østro 1540 poeng – 220 turar

10. Grethe Fet 1506 poeng – 384 turar

Like ved: Elling Hole 1490 poeng