Trimpoeng samanlagt: Nykomar nummer ni.

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2018

May Britt Østro vart
nummer seks på trimposten Bruna i Straumgjerde med 220 turar. Med sju poeng «i
banken» for kvar tur, vert totalen gilde 1540 poeng. Og det held altså til
sterk 9.plass samanlagt for året 2018, alle trimpoeng frå alle postar summert.
Gratulerer, May Britt! Alle som kjem på denne eksklusive lista kan trygt omtale
seg som flittige mosjonistar siste året.

May Britt kjem under
grupperinga «spesialist», som vil seie at ho har gjort alle trimturane sine til
same turmål.

Topp-10 trimpostar Velledalen
IL 2018:

9. May Britt Østro 1540 poeng – 220 turar

10. Grethe Fet 1506 poeng – 384 turar

Like ved: Elling Hole 1490 poeng

VIKTIG:

Finn nokon feil i desse
listene er det viktig at det vert meldt frå til trimpostgeneral Nils Terje Skylstad
(e-post: terj-sky@online.no) – evt til:
atlehole@online.no)