Bruna trimpost klart best – 1086 noteringar føre nr. 2

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2018

Arkivfoto
I perioden 2013-2017 har
trimposten i Straumgjerde kvart år hatt over 4 000 noteringar. I år stoppa
turtalet på 3 786. Dette sjølv om alle på topp-5 lista var betre i år enn
i fjor. Så det er ikkje «tøppane» som har svikta i 2018.

Bruna trimpost siste fem år:

2018: 3 786

2017: 4 231

2016: 4 144

2015: 4 482

2014: 4 108

Inger Riksheim vann posten
i 2017 med 470 turar. I år fleska ho til med 520. Solveig Olsen gjekk 333 i
fjor, og høgda til 359 i år. Kjell Olsen vart nummer tre i 2017 med 198 turar.
Sjølv om han auka turtalet med 40, til 238, måtte han ned på 5.plass.

Topp-5 Bruna trimpost 2018:

520 turar: Inger Riksheim

359 turar: Solveig Olsen

272 turar: Jan Kåre
Oterhals

245 turar: Ingunn Hunnes

238 turar: Kjell Olsen

220 turar: May Britt Østro

Endeleg rangering mellom dei ulike trimpostane 2018:

1. Bruna Straumgjerde 3 786
noteringar – Inger Anne Riksheim

2. Brunstadsætra 2 700
– Inger Anne Brunstad

3. Vellesætra 1 425 - Arnhild Linga

4. Riksheimdalen 1 246
– Ivar Arne Flo

5. Skogsvegen Fet 1 109 – Grethe Fet

6. Sætreelva Holemarka 997 – Nils Terje Skylstad

7. Myrdalsfjellet 859 – Elling Hole

8. Skogsvegen Drabløs 693 – Annlaug Lervåg

9. Skogsvegen Hjorthol 576 – Ingrid Brudevoll

10. Koppen 511 – Ingrid Brudevoll

11. Regndalen 363 – Geir Helge
Grebstad

12. Hytta Brunstadkølen
212 – Linda K. Øye

13. Holetindane 109 – Nils
Terje Skylstad

14. Høgsætra Fet 85 – Alf Pettter
Bøe

Kjønnskampen 2018:

KVINNER – MENN 8-6 (gratulerer kvinner med flott triumf!)