Takk alle gode hjelparar – vellukka messe i helga!
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2018
Velledalen IL sin stab er
godt drilla med omsyn til Førjulsmesse-arrangement. Gjeremåla er mange før ein
kjem til arrangement-dagen. Sidan så mange skal i sving er jobben med funksjonærlistene
ikkje reint liten. All utstillar-kontakt har Elisabeth Sjøli hatt ansvaret for.
Den – utan tvil - mest krevjande jobben under heile arrangementet. Medrekna dei
på venteliste langt over
40 i talet.
Annonsering og utdeling av flygeblad er eit anna av VIL sine felt. Ein rutinert
stab gjer unna opprigginga i grendahuset i ein fei. Vakthaldet etter messeslutt
laurdag og natt til sundag vert utført av rutinerte karar. Nedrigginga etter
det heile er over tek heller ikkje lange stunda. Elles rullar vi halvparten av
tombolalodda, inkludert stempling av alle vinnarlodda, halvparten av vinstane
på basarbøker, vi har medlemar som sel lodd på desse, vi leverer ca 500
tombolavinstar og over 30 kaker. VIL har elles ansvaret for trekninga av
basarbøkene og syte for at trekningslista kjem i Sykkylvsbladet.
Takk til alle som har
levert gode gjerningar i helga og i vekene fram mot messa!
Takk til medarrangørane VRF
og
Straumshorn juniorkorps/Velledalen
skulekorps!
Takk til alle som kom
innom messa, støtta arrangørane og utstillarane!
Takk til utstillarane som
tok turen til Velledalen, og som mot slutten nærast slæst om å få delta!
Og til sist ei ekstra rose
på vegen mot neste messe til utstillarkontakt Elisabeth og kasserar Vibeke.
Deira helg kan vi trygt omtale som travel – godt at det då er meir enn rosande
ord i potten
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024