11.nov 2018: Bård & Einar fyller 150 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2018
f.v Bård Erstad og Einar Fet.
Men la vi starte med
opphavet. Og ære aldri så lite dei som ærast bør, for at gutane fekk gode gen
og ei oppseding som oppmuntra til sportsleg aktivitet. Og det kan vere naturleg
å starte med det faderlege opphavet, Hans L. Erstad (Pe-Hans f. 1900) og
Kristian Fet (Jo-Kristian f 1914).
Koner frå indre strok.
Det var fleire likskapstrekk mellom Pe-Hans og
Jo-Kristian. Begge var gardbrukarar. I tillegg dreiv Hans med litt
båttransport, medan Kristian både var fabrikkarbeidar og ein periode eigar.
Begge henta konene sine frå indre strok. Hans fekk napp med Ingrid f. Seljeset
frå
Hornindal.
Jo-Kristian slapp unna med ein tur til
Sunnylven, der hans utkåra - Gunnlaug Helset – kom i frå. Vi skal ikkje hevde
at Hans og Kristian måtte til Hornindal/Sunnylven heller for å ordne ut, då
jentene ofte kunne vere «i teneste» langt nærare.
Halve startoppstillinga til VRF.
Begge ekteskapa vart gode og livslange. Ingrid og
Pe-Hans fekk borna Lars (1938), Einar (1940), Bård (1943), Nella (1946),
Halvard (1949) og Dagrunn (1953). Gunnlaug og Jo-Kristian fylgde opp med borna
Odd-Kåre (1942), Einar (1944), Harald (1947), Nils (1950) og Gunnhild (1956).
Einar Erstad flytta frå bygda og vart
ikkje same krumtapppen på VRF som brødrene Lars (midtstoppar), Bård (midtbane )
og Halvard (midtbane/ving). Men Einar fekk æra av å fostre opp beste
etterkomaren i generasjonen etter, i sonen Cato Erstad. Mangeårig spelar for
HamKam på øvste nivå i norsk fotball.
På Fet voks gutane opp i eit solid og
rotfesta idrettsmiljø. Odd-Kåre (høgreback), Einar (all-round) og Nils (mest
venstreback) vart alle klubbkjemper på VRF. På slutten av 60-talet og stort
sett heile 70-talet, var normalen slik:
Ingrid og Hans Erstad/Gunnlaug og Kristian
Fet
hadde fem eller seks av
spelarane i startoppstilling til VRF i kvar einaste kamp!
Resten av denne artikkelen skal handle om «Knoll og
Tott» i VRF. Bård Erstad fødd 7.mars 1943 og Einar Fet fødd 17.juli 1944. Begge
med over 340 obligatoriske kampar (serie og cup) for VRF.
Var desse to karane så unike som somme
hevdar, eller var/er dei oppskrytte…? Oppskrytte i den grad at dei hadde «falle
gjennom» i dagens fotball….?
Unge minner.
Då desse gutane voks opp fanst det inga fjernsyns-rute der idola dukka opp.
Store kampar vart overførde på radio. Det vart likevel sparka fotball – i alle
krikar og krokar. Lokalkampar som Hole mot Brunstad, eller enno tøffare; «Framma
Brauta – Neda Brauta», fenga merksemd og krydra livet. Gjerne på sundagar,
saftige markakampar, til stor fortviling for mødre og bestemødre med ansvar for
kleda. Bård fortel at Erstad hadde eige lag og spela mot Riksheim, Ikornnes og
Hundeidvik.
-
Ein gong slo vi
Ikornnes 41-0. Det vart mykje styr etter kampen då Ikornnes sin målmann hardnakka
meinte resultatet «berre» vart 40-0. Dommaren hadde nemleg lete kampen gå 30
sekund over tida.
Ein annan gong gjekk ein
slik lokal kamp på arenaen dei kalla «Oppå Bakkå». Fyrst måtte bana gjerast
rein for kurue. Noko som tok si tid. Då kampen hadde vore i gang kring 20
minutt – på stillinga 5-0 – så sprakk ballen. Ny ball var ikkje å oppdrive der
og då, med det resultat at kampen vart stogga.
Einar fortel at VRF hadde
gutelag på slutten av 1950-talet for spelarar midt i tenåra.
-
Vi spela mellom
anna mot Stranda og Stordal. Oftast køyrde vi med Emdal sin fabrikkbil med ei
presenning over, anten med Odd Strømmegjerde eller Fauske-Per bak rattet. Ein
av fyrste kampane eg minnest var ein juniorkamp mot Rollon. Bård var
gutespelar, eg siste års smågut. Av andre hugsar eg Ove Straumsheim, Edolf
Lade, Karsten Tandstad, Einar Erstad og Johan S. Grebstad. Harald Tandstad var
målmann.
Det var knapt med folk til kampen, og forfall gjorde at vi enda med ti
mann. Då ville heller ikkje Harald Tandstad vere med. Vi gjennomførte kampen
med ni mann.
Fyrste kamp, og fyrste mål.
Åge Bergmann var trenar fyrste året Bård og Einar kan
minnest dei var med på vintertrening. Då spela dei innandørsfotball i ungdomshuskjellaren
kombinert med Tomas Tandstad sin herretrim. Begge to debuterte på VRF sitt
A-lag på slutten av 50-talet. Her fortel Bård om sitt fyrste VRF-mål i
seriekamp.
-
Ja, det minnest
eg godt. Kampen gjekk på Aksla stadion mot Rollon. Det var Osvald Vigstad som
slo pasninga frå venstre, som eg enkelt kunne breiside i mål. Mot stadion-uret!
Også Einar debuterte på
Aksla stadion mot Rollon:
-
Truleg måtte det
ha vore i 1958. Eigentelg var eg for ung. Spela ving – den tida var det vanleg
at nykomarar vart plasserte på ving- eller backplass. Hugsar eg tykte det var
stor stas å få spele saman med karar som Svein Lien, Per Svarstad, Ole Fausa og
Johan Svindseth.
Juniorkrinslag.
Einar og Bård var leiestjerner alt i unge år. Begge kom med på Sunnmøre sitt
krinslag i fotball. Eit av hovudmåla for desse krinslaga var å kome seg til den
store sommarturneringa i Horten. Der var mange av dei beste juniorane i landet
samla, og dei som var med der, kunne drøyme om plass på juniorlandslaget. Dit
kom ikkje våre, men begge fekk to sommarturneringar i Horten – eitt av åra fekk
dei oppleve å vere der i lag.
Dei gode 60-åra.
I 1962 vart VRF KM-vinnarar med tenåringane Bård Erstad og Einar Fet
på laget. Tre år seinare vart det nytt opprykk. Då spela Bård berre
haustsesongen, i eit år der han også tenestegjorde i Gaza. Einar var i
militærteneste nordpå og spela for Bodø/Glimt, men han rakk dei to siste
seriekampane. Og begge var særs viktige då VRF slo Brått 5-1 i avgjerande kamp
og vart distriktsmeister. Vidare fylgde sterke sesongar i 1966, 1967 og 1968,
før det vart nedrykk i 1969.
Kortreiste damer.
1960-åra var også tiåret der Bård og Einar stifta familie. Utvalet var
stort for populære, spreke, stramme karar. Einar fann den utkåra i Ørsta, medan
Bård var enno meir kortreist enn faren – han ordna seg i heimbygda. I alle
fall; stor takk og ros til Inger og Grete, som nyleg har passert 100 års
ekteskap, og som har sytt for at dei to karane har fått boltra seg sportsleg
gjennom livet.
Toppåra 1971 og 1972.
Etter nedrykket i 1969, reiste VRF kjerringa i 1970.
Laget feia gjennom den lokale 4. divisjonen og skulle møte Sunndal til
avgjerande opprykkskamp. Regnet strøymde ned. Dalemyra stod ikkje ferdig, og
Slettegjerde var ikkje i spelbar stand. Løysinga vart Sykkylven stadion. Med
Arild Lade mellom stengene vann VRF ein særs underhaldande kamp 5-3. Laget var
tilbake på nivå tre i norsk fotball. Dei to neste åra, 1971 og 1972, skulle
vise seg å bli dei to beste åra i laget si soga. Mannskapet var rutinert og
samspelt, og den nye skulelæraren på Dalemyra, Reidar Bremerthun, hadde utvikla
seg til ein krumtapp i midtforsvaret. Begge åra var laget nær opprykk til nivå
to i norsk fotball og begge åra med Bård Erstad og Einar Fet som særs sentrale slitarar
på midtbana. I 1971 slo dei avdelingsvinnar Clausenengen, med Ole Stavrum (eks
Lyn) på laget, både heime (6-1) og borte (2-1). Heimekampen mot Clausenengen
vert rekna som det fremste laget nokon gong har prestert, med angrepsspel i
ypperste klasse, mellom anna takka vere Kjell Hellevik og Svein Welle. Også den
kampen på sleip og såpeglatt bane (Dalemyra).
I
1972 møtte VRF Skarbøvik heime på Dalemyra i siste serierunde. Med siger hadde
laget rykt opp, men forsvarsspelet sat ikkje heilt denne dagen, der Oluf Hessen
herja med VRF-forsvaret. Etterpå vart 2-4 tapet heftig diskutert. Odd-Kåre Fet
vart «ofra» på backplass, noko tilhengjarane hans likte ringt, og hevda med
stor tyngde at hadde Odd-Kåre spelt høgreback hadde det ikkje enda slik…
Baneopning.
Det tok ti år frå eit makebyte av grunn på Dalemyra fann stad, til den nye
grasbana stod ferdig. Men i 1971 vart bana teken i bruk, med offisiell opning
om sommaren med Hødd som det store trekkplasteret. Opninga fann stad i Karl B.
Lade si leiartid i Velledalen IL. VRF tok seg til finalen og det same gjorde
Hødd. 1-0 sigeren til dei gulsvarte var nok ein prov på at mannskapet var
sterkt.
Det tunge året, 1973:
Men kanskje var det best at det gjekk som det gjorde
hausten 1972.
Nokre spelarar la opp, Kjell
Hellevik var borte med studiar og Bård Erstad datt ned frå eit tak, og var ute
av spel heile vårsesongen. Rett før laget skulle til Nordfjord på treningsleir
sommaren 1973, var uhellet også ute for Einar Fet. VRF har alltid vore ein open,
raus og inkluderande klubb. Treningane var opne for nær sagt kven som helst.
Den fatale sommardagen i 1973, også denne med regn og såpeglatt bane, var ein
relativt utrena aktør på gjesting på treningsfeltet. I joggesko. Det låg i
korta at dette kunne gå gåle. Etter fleire «nesten ulukker» kom spelaren
seglande på ryggen med beina i veret og trefte Einar Fet i knehøgde.
Der rauk mest heile haustsesongen for
Einar.
For
VRF enda det med nedrykk.
Men laget løfta
seg to siste kampane med 1-1 mot Bergsøy og 3-2 siger over Åndalsnes på Øran
stadion, etter mål av Magne Nygård, Bård Erstad og Per Hole.
-
Litt pussig, men
vi har aldri tapt borte mot Åndalsnes og Sunndal, fortel klubbkjempene, og er
litt stolte over det.
Kjekt mot Sykkylven.
Men VRF kom
raskt til hektene.
Alt i 1974 var laget i
toppstriden i 4.div saman med Rollon og Aksla. Laget slo Eid 3-0 i 1.
kval.runde i cupen og møtte Sykkylven i 2. kval.runde. Kampen på Sykkylven
stadion enda 1-1 etter ekstraomgangar. Så vart det omkamp på Dalemyra, med 5-0
til VRF som resultat. I det heile vart det mykje tyn å få for Sykkylven mot VRF
utover i 70-åra. Eit par år seinare hadde SIL-trenarane brukt heile veka før
kampen på Dalemyra til å fortelje spelarane sine korleis Per Hole skulle
stansast. Kampdagen kom, og VRF vann 4-0. Alle mål av Per Hole! Ein rask spelar
med ein røff spelestil. Største skilnaden mellom VRF og Sykkylven desse åra låg
i målmannsarbeidet. Medan VRF stort sett hadde meir enn stødige Alnes-karar
mellom stengene, opplevde Sykkylven stadige målmannskifte, og faktisk vart det
scora mål frå midtbana av VRF i desse lokaloppgjera.
1978 – eit spesielt år.
VRF var aldri eit rikt lag. Tankar om sparing var
alltid velkomne. Og slik enda laget opp med seks spelande, uløna trenarar (Nils
Fet, Einar Fet, John Johansen, Bjarne Alnes, Bård Erstad og Atle Hole) før
1978-sesongen. I fellesmøte vart det lagt planar for seks-vekers-bolkar, der
kvar trenar leia ei veke kvar. Utruleg nok vart dette suksess. Fleire enn
vanleg kjende på ansvaret og alle gjorde sitt beste. Før siste serierunde var
stoda i divisjonen slik:
1. Langevåg
2. Brattvåg – der Eldar
Tandstad spela
3. VRF
I siste serierunde spela topplaga
slik:
Langevåg – VRF 0-1
Spjelkavik – Brattvåg 4-1
Det var mest ikkje til å
tru. VRF var tilbake på nivå tre i norsk fotball. Per Hole vart matchvinnar med
eit brennheitt frispark rett i nota i 2.omgang.
Opprykket dette året var i
hovudsak tufta på godt forsvarsarbeid. Laget heldt nullen bakover i 12 av 18
kampar. Utruleg nok, må vere lov å hevde, med ei forsvarsrekkje med
ei snitthøgde på 176,5 cm ( Pål Rune Fet
høgre back, Nils Fet venstre back, Ole Jostein Fet markeringsstoppar og Atle
Hole sikringsstoppar). Laget spela ein mellomting mellom sone- og
markeringsforsvar. Men vi hadde ein målmann som ruva. Alle visste at når Leiv
Alnes brøølte «keeper», då skulle vi gi klar bane. Det fungerte, og gjekk nokon
i duell med Leiv, låg dei som regel att i feltet. Og vi må ikkje gløyme at vi
fekk ein fin offensiv tilvekst i Ole Bjørn Fiskerstrand (frå Langevåg IL) midt
på 70-talet.
1979 - siste året på nivå 3.
Bård og Einar var no høvesvis 36 og 35 år gamle. Men
dei heldt koken. VRF opna feiande flott på Skarbøvik stadion med 1-0 siger over
Frank Suorza sine menn etter vinkelskot av John Johansen. Dei neste kampane gav
1-2 heime mot Bergsøy før vi vann 2-1 i ein «vasspolokamp» mot Rollon på
Slettegjerde.
Starten var såleis god, men utover i sesongen
vart det for spedt. Stallen var rett og slett i tynnaste laget. Vi hadde to lag
bak oss ved sesongslutt, men ny serieordning gjorde nedrykket til eit faktum.
Og det er vel rett å seie; at den mest seriøse satsinga til Bård Erstad og
Einar Fet tok slutt her. Karane byrja sjå seg om etter nye utfordringar.
Nedtrappinga slo feil.
Ein dag på slutten av 1970-talet snakka eg med kona
til Bård, Grete. Ho slo lukkeleg fast:
-
Bård har sagt han
vil trappe ned fotballen…
Det var no både vel og
bra, men om lag på denne tida byrja Bård prøve seg på nye idrettar som
langrenn, hesteskokasting og springing (stafettar). Talent hadde han over alt.
Han vann
Øye-cupen i hesteskokasting saman med oppstryningen Egil Skåre.
Han hevda seg heilt i teten i skiløypa i klasse D
(over 35 år) og han sprang godt. Og når graset vart grønt kom «maset» eller
oppmodinga:
-
Skal du ikkje ta
deg ein tur på fotballtrening. Du kan no ikkje bråslutte med fotball heller….
Og hadde han fyrst vist
seg på ei trening, var ikkje vegen så lang til kamp heller, god nok som han
var. Den kunngjorde nedtrappinga enda med å verte ei opptrapping. Einar hadde
det på same måten. Han plussa på med fotballdømming, løp og var travel i
Velledalen IL si alpingruppe der fleire av borna var dyktige alpinistar. Begge
to kom til å «plagast» med fotballen heilt fram til 40 års alderen - og vel så
det. Då stod Einar med 344 obligatoriske kampar for VRF, pluss ein sesong kvar
for Sykkylven IL og Bodø/Glimt. Bård stoppa på 343 obligatoriske kampar etter
livslang innsats for moderklubben VRF. Medrekna treningskampar er det grunn til
å tru begge har spela minst 600 kampar for VRF.
Pusta tungt og levde ungt.
Heilt i starten på 1980-talet hadde Velledalen IL fem
startar i Holmenkollstafetten. Nokre år også med damelag. Bård og Einar var
sjølvskrivne på herrelaget. Og lysta var der alltid, sjølv om det til tider
kunne bli noko hæseblæsande å rekke alt.
Eit år spela vi kamp mot Valder på
Roaldbana fredagskvelden. Rett etter kampslutt køyrde vi i privatbilar strake
vegen til Oslo, og kom til hovudstaden i gryotta. Der navigerte vi oss rett inn
på Bondeheimen for frukost. Alle åt stautt, men Bård åt så mykje at personalet
tok til å fylgje han med augo. Han sette visst nok ny frukost-rekord for
Bondeheimen, og det vart sagt at tala var illraude for den aktuelle frukosten
for Bondeheimen sin del. Så var det å gjere seg kjende med løypa, og dei ulike
etappane, og dei viktige vekslingsfelta. Og sjølvsagt; vi saug til oss
storbyinntrykk best vi kunne.
Eit
anna år køyrde vi buss saman med Sunnylven IL og Norangdal IL – eit sutalaust
opplegg. Sunnylvingane hadde ordna det slik at vi var velkomne på eit
kulturarrangement i hovudstaden laurdagskvelden. Vi reiste dit. Svært program.
I fleire timar. Velledalen IL sitt stafettlag sleit med konstant svolt desse
åra, og vi gledde oss naturleg nok kolosalt til maten. Programleiaren slo fast
at no skulle balaleika-orkesteret spele eit siste nummer, og etterpå vart det
mat. Då vi høyrde det, vart vi så glade at vi gav dei ekstra sterk fagnad for
dette avslutningsnummeret. Men det skulle vi aldri ha gjort. For då drog
balaleika-orkesteret like godt til med heile tre, lange ekstranummer!
Vel, vel. Mat vart det no til slutt, og vi
tømde alle fata!
Bestetida vår i stafetten
vart 54.42. Men berre spør Ivar Arne Flo, vi trefte ikkje like godt kvart år….
Ivar måtte springe to etappar etter at ei klokke til personen han skulle veksle
med brått og uventa anda ut.
Eit tredje år åt Terje Aurdal blekksprut på
restaurant i Oslo rett før han sette seg i bussen for å køyre opp att. Då
køyrde vi oppatt om natta (natt til måndag), og Terje skulle rett på jobb når
han kom heim – skogplanting på Brunstad, må vite. På vegen heim gjekk det ikkje
likare enn at Terje vart «bilsjuk». Om ettermiddagen måndag ringde han til meg:
-
I dag spydde eg
blekksprut på Brunstad, fortalde han.
Så vidt vi veit er Terje
Aurdal den fyrste - og einaste - som har flytta eit blekksprut-måltid frå Oslo
til Brunstad i Velledalen. Hadde det vore i dag, og myndigheitene hadde fått
visst om det, hadde vel Velledalen vorte avsperra – i minst ei veke!
Dragning mot lange løp.
Det var ei kjend sak at Einar Fet likte fjellturar og
lange løp. Viktigaste grunnen til at han og Bård var eit hestehovud føre i alt
som hadde med kondisjon å gjere, var at dei var flinke med eigentrening. Og
sjølv om Einar sprang mykje, og hadde konkurrert på kortare distansar i
stafettar, «våga» han seg ikkje på dei lange løpa før han vart kring 40 år.
Eller kanskje vi skulle sagt; han fekk ikkje tida før.
Med to års mellomrom
sprang han Sykkylven Halvmaraton på 1.17.07 og 1.17.09.
Ord er ikkje naudsynte bak slike prestasjonar!
Oppeldna av dette, byrja tanken om ein
heilmaraton melde seg. Han nærma seg 45 år, men hoppa på tilbodet om å vere med
Eivind Grebstad til Drammen Maraton. Eivind Grebstad var beste langløparen i
Sykkylven på denne tida. Vi lar Eivind fortelje frå løpet:
-
Eg tykte Einar
opna friskt, men tenkte eg måtte halde fylgje for skam skuld. Det gjorde eg til
halve distansen var passert - på ei kjempetid, langt føre bestenoteringa mi.
Men dette køyret til Einar måtte eg melde pass på. Eg var nære på og spy mot
slutten og hugsa eg ikkje feil, kara eg meg i mål i ørska på ca 3.06 (tre timar
og seks minutt).
Så lar vi Einar fortelje
frå siste del av løpet:
-
Sjølv tykte eg
det gjekk ganske roleg i starten. Etter Eivind sleppte held eg fram i same
duren. Minnest eg tok att beste kvinneløparen på matstasjonen etter 32
kilometer. Kjende meg eigentleg bra, men ikkje lenge etter fekk eg «hammaren».
Den kom raskt, og det vart svært tunge kilometer inn mot mål. Men tida på 2.51
vart likevel anstendig for ein debutant langt opp i 40 åra.
Bård i Birken.
Bård var til liks med Einar ein slitar. Såleis var det ingen sensasjon at han
vart fyrste utøvar frå Velledalen IL til å gå Birkebeinarrennet. I 1981, til
42.plass i klasse 35-39 år. I alt gjekk Bård rennet fire gonger, med 3.26 som
bestetid, i ei tid der Per Knut Aaland hadde rekordtida med 2.53. På denne tida
starta renna vekselvis på Rena og Lillehammer. Bård sin nest eldste bror,
Einar, sytte for overnatting og rennbase på Hamar.
Elles gjekk Bård ei rekkje lokale renn,
og var ein tøff konkurrent for Bert Wilhelmsen gjennom mange år. Han har hatt sete
i langrennsgruppa i Velledalen IL i fleire tiår.
Nibberittet og tett årar.
På sine eldre dagar vart Bård også hekta på sykling.
Litt knall og fall vart det i ei tidleg fase, mellom anna med ein stygg velt i
Fetvatnet Rundt. Då han kom til Fet hadde han tydeleg vore i bakken, og han
klaga over dårleg høyrsel på eine øyret. Det var ikkje rart for øyret var
peisfullt av svart mold.
Som
65-åring sykla Bård Nibberittet i Geiranger på 1.48. Ei sterk tid, men Bård var
ikkje heilt nøgd:
-
Så godt som eg
har trena i det siste hadde eg faktisk venta det skulle gått lettare, sa han
til Smp sin utsende på toppen av Dalsnibba.
Dette var i juni månad.
Nokre månader seinare følte han kona Grete var i tøffaste laget med tempoet når
dei gjekk kveldstur. Det viste seg at tette blodårar var årsaka, og nødvendige
inngrep vart gjort.
Åtte år seinare var han tilbake og sykla
opp Dalsnibba som 73-åring! Denne gongen så vidt over to timar. Årenettet har han
nyleg
justert for andre gong, men det
vert neppe fleire Nibberitt….. om han då ikkje gjer som ein av dei andre
70-tals heltane, Svein
Welle; som har handla inn el-sykkel!
Stoppa av fall frå stige.
Heller ikkje Einar er konkurransemann i dag. Det må i
så fall vere heilt lågterskel, som Konradløpet. Eit relativt truskuldig fall
frå stige på hytta vart noko langt meir enn det. Han brenn heile tida etter å
prøve, men eine foten toler ikkje belastninga lenger. Slik er det berre, og
Einar har slege seg til tols med situasjonen.
Velledalen IL gratulerer med 150 års dagen og takkar:
·
Mest av alt Bård
Erstad og Einar Fet for eit mektig, og langt engasjement.
·
Vi takkar Grete
og Inger for all tida vi har «stole».
·
Og
vi takkar borna for at dei har lånt oss fedrane
sine.
«Reisa» har vore minnerik og god for mange!
November 2018: Atle Jomar Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024