Kjenningar frå Konradløpet i New York

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2018

Konradløpet vert som eit
lauv i eit vindkast samanlikna med New York Maraton. Mellom dei kring 52 000
startande var også eit par av Konradløpet sine trufaste kvinner. Nemleg
Kari-Anne Petrin Tryggestad Ryste og Elise Stette. Fyrstnemnde med opphav frå
Sunnylven og sistnemnde kvinna som framleis sit på «likes-rekorden» på
Velledalen IL Facebook.

Begge fann vegen til mål i
mylderet av løparar, og gjorde prestasjonar som må omtalast som sterke. Elise
fekk tida 4.23.22. Om lag nummer 1000 av 3000 i klassa. Kari-Anne i klasse
50-54 år gjorde knallgode 3.31.57, som heldt til imponerande 36.plass av 2189 i
klassa.

Vi tek også med at Åsmund Kleivenes
som representerte «Idrett utan alkohol», kom i mål på 3.29.43.

Folk med god hugs minnest
at Torild Hole frå Velledalen IL fullførte maraton-distansen i New York i 2017.