Vil nokon rulle tombola-lappar…..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2018

Førjulsmessa skal som
vanleg ha tombola begge dagar. Totalt skal det rullast 1000 lappar med
vinnar-nummer og ca 10 000 blanke. Slepp vi kjøpe inn gevinstar, gir
tombolaen ein netto på 27 500 kroner, sidan vi tek 2,50 kroner loddet.

Nummerlappane må vi ha
kontroll på, og der har vi faste rullarar. Men vi treng hjelp med dei blanke
lappane. Om nokon kan tenkje seg rulle 500 eller 1000 lappar så send ei melding
til:

atlehole@online.no

917 43 761

PS. Messedatoar er 17. og
18 november, så ein har tre veker på seg.