Olaf og Alf Petter klassevinnarar på Hareid
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Okt 2018
arkivfoto
45 løparar fullførte i
landevegsløpet som vart vunne av Marcus Megrund frå Valder. Han brukte 41.59
rundt vatnet, ganske klart føre nummer to som var Asgeir Bakken Rognstad frå Emblem
IL (43.40). Beate Helseth vart beste kvinne i løpet på 1.02.01.
VIL sin friidrettsleiar,
Alf Petter Bøe, vann klasse 50-54 år på tida 48.44, ellevte beste tid totalt.
Olaf Einar Øien vann klasse 75+ på tida 1.21.25.
Det vert elles meldt frå
Hareid at VIL sine utøvarar forsynte seg grovt av nydeleg sjokoladekake og
kaffi. Men det var etter løpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024