Trimpostane 2018: Syltynt på Høgsætra.

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2018

Vi er sikre på at Nils Terje
Skylstad har endevendt trimboka frå Høgsætra. Han har truleg kika i begge endar
og rista boka. Alt fåfengt. Det stoppa på 85 turar siste året, eit tal som
gjorde posten til den svakaste siste trimår

Høgsætra trimpost siste fem år:

2018: 85 noteringar

2017: 128

2016: 104

2015: 119

2014: 144

I 2017 vart Alf Petter Bøe
postvinnar med 25 turar. I år var nordmøringen postvinnar for andre gong, sjølv
om han trappa ned til ni turar. I år hamna alle som hadde frekventert posten på
topp-5. Delt 5.plass for alle med ein tur til Høgsætra

Topp-5 Høgsætra trimpost 2018:

1. Alf Petter Bøe, 9
noteringar

2. Ole Jostein Fet 3

3. Helen Longva Fet og
Lars Arild Rokseth 2

5. 69 personar med 1
notering kvar.

Med andre ord; ein skikkeleg
dyster resultatstart. Men kanskje har det sin sjarm at vi også har postar som
nesten ikkje vert besøkt…
   Vi gratulerer
AP Bøe med triumfen og 10,6 prosent av turane til posten!

KVINNER – MENN 0-1,
   stoda etter at svakaste post er unnagjort.