Rapport frå Emma
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Okt 2018
Samstundes som Christina og eg meldte oss på Hornindal Rundt, leika vi med tanken om å prøve oss på eit maraton òg. Christina snakka varmt om si første maratonoppleving i Wien tidlegare i år, og saman bestemte vi oss gjere ord om til handling. Sidan eg skulle til Slovakia i haustferien og det skulle vere maraton i byen Kosice, passa det perfekt å vere med på dette.
Det einaste målet mitt var å kome i mål under tidsfristen på 6 timar. Christina passa klokka og farta, slik det ikkje gjekk for sakte. Eg vil påstå at ein av mine største styrer er å jogge i eit sakte og behageleg lågt tempo. Likevel var eg litt redd for å gå på ein smell i løpet av løpet, både på grunn av varmen, men også for å ikkje ha disponert kreftene bra nok. Difor var det kjekt med drikkestasjonar og ei søster med ei klokke som peip ved både for høgt og lågt tempo.
På eit maraton er det mykje å feste blikket på undervegs. Både tilskodarar og musikantar, noko eg satt stor pris på. Dette var ein av faktorane som gjorde at humøret haldt seg oppe gjennom heile løpet. Vi jogga i eit relativt jamt og lågt tempo gjennom heile løpet, der sluttida blei på 5 timar og 24 minutt.
Samanlikna med Hornindal Rundt, fristar eit maraton meir til gjentaking. Både kroppen og det mentale får køyrd seg mykje meir på Hornindal Rundt, og etter begge åra har eg ved målgang tenkt «aldri meir». Men det er sjølvsagt kjekt å utfordre kroppen og kjenne at den fungerar. Alt i alt sit eg att med ei god kjensle etter maratonet i Kosice!
Emma
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024