Henning Tandstad ny kasserar i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2018
Viktigaste rokkeringa er
at Nærbutikk-Henning har teke over som kasserar etter Håkon Fedt.
-
Kjekt å få yngre
krefter inn i styret, sa styreleiar Ove Skylstad på sist styremøte i laget.
Dei som fylgjer med i
laget sitt ve og vell har truleg fått med seg at Henning har gjort fleire solid
motbakkeløp denne sesongen. Vi nemner Mefjellet Opp, Saudehornet Opp og Skåla
Opp.
Håkon Fedt held fram i
styret som vanleg styremedlem, men med spesielt ansvar for rigging. Her gjorde
han ein glimrande jobb under Konradløpa, og han vert rigg-sjef i Velledalen
grendahus under Føjulsmessa 2018. Håkon likar også å sysle med skiløyper på
fjellet, særleg i området Nøkkane.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024