Tøffe Emma Olin har gjort det
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2018
I dag ropar vi
eit STORT og HØGT HURRRA for Emma Olin Holmberg!
Sundag 7.
oktober fullførte ho heilmaraton i Slovakia – dagen før ho vart 19 år. Dermed
er Emma den yngste i Velledalen IL – både av kvinner og menn som har fullført
42 195 meter – som ein maraton er.
Og det var
ikkje kva som helst maraton heller. Kosice Peace Maraton er nemleg det eldste
maraton-løpet i Europa, starta opp som tidleg som 1924.
At Emma Olin
skulle bli fyrste person under 20 år til å fulllføre ein maraton i Velledalen
IL, kom slett ikkje som nokon sensasjon. Jenta har vore på «ekspedisjonar» før,
saman med si gode søster, Christina. Vi skal ikkje nemne alt dei har gjort her,
men nøyer oss med å nemne at dei i juli 2018 fullførte Hornindal Rundt for
andre gong. 75 km og 5600 høgdemeter i alle typar terreng. Meir treng ein ikkje
seie!
Vi håper på
ein rapport frå løpet frå Emma eller Christina i nær framtid og slengjer med
stoda på maratonfronten for kvinner i Velledalen IL:
2 fullførte
løp: Torild Hole
2 fullførte
løp: Christina Holmberg
1 fullført
løp: Radka Vosicka
1 fullført
løp: Emma Olin Holmberg
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024