Frode beste VIL-løpar under Østremsætra Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Okt 2018

Motbakkeløpet
Østremsætra Opp vart arrangert laurdag 6.oktober. Kring 50 utøvarar sprang på
tid, mellom desse fire med medlemskap i VIL, nemleg: Frode Mauren, Alf Petter
Bøe, Radka Vosicka og superveteranen Olaf Einar Øien.

Vi byrjar med
den eldste.

Olaf Øien var
ikkje uventa åleine om å springe på tid i klasse 75+. Veteranen vår la bak seg
dei 5,5 kilometerane på tida 50.24. Og hugs, dette er ikkje flate 5500 meter.

Radka Vosicka
deltok i klasse 35-39 år. Ho hadde heller ingen konkurranse frå andre. Radka
brukte 35.20 på løypa, ei tid berre May Evy Nesheim tukta mellom kvinnene.

Friidrettsleiaren
vår, Alf Petter Bøe, starta i klasse 50-54 år. Han representerer
nordmørsklubben Rindal IL (snart trønder), men vi tek han med lell. Det vart
flott 2.plass til Alf Petter i klasse 50-54 år

1. Magne
Eivind Glomnes, Valldal IL, 28.08

2. Alf Petter
Bøe, Rindal IL, 28.52

3. John
Walderhaug, 32.39

4. Fridtjof
Fredriksen, 32.48

Best frå VIL
vart altså nykomaren denne sesongen, Frode Mauren. Han gjorde eit av sine
absolutt beste løp i VIL-trøya (kanskje det beste) under Østremsætra Opp. Frode
kom inn på tida 28.46 i klasse 45-49 år, som var seks sekund føre Alf Petter.

Resultat 45-49
år:

1. Gunnar Karl
Emblem, Hakallestranda Kondisjonslag, 27.15

2. Frode
Mauren, Velledalen IL, 28.46

3. Roy Bratseth,
28.58

I ein
kommentar etter løpet seier Frode mellom anna:

 -
   

 Godt
nøgd i dag. Fekk tatt ut maksimalt og tida er ny personleg rekord

Det er supert
og viser at treningsarbeidet ber frukter, sjølv etter passerte 45 år.

Vi tek og med
ein gledeleg representasjon frå Hundeidvik IL. Geir Ove Bueide fekk fart på
blodpumpa og gjorde unna løpet på 34.50 i klasse 23-34 år. Det heldt til fin
10.plass i klassa.