Njål nummer ti i «Oslos Bratteste»

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2018

Sprint og sprint fru Blom.
Men for Njål er «Oslos Bratteste» nærast for sprint å rekne. Plasserings-messig
gjorde han det svært bra. Anna kan ikkje seiast om 10.plass av 117 fullførande
i klasse 35-39 år. Langt opp til vinnaren som held høg nasjonal klasse, men som
vi ser er avstanden fram til nummer tre i klassa absolutt godkjent for ein som
ikkje trenar på motbakkeløp.

Her er nokre tal frå «Oslos
Bratteste» klasse M35-39:

1. Øyvind Heiberg Sundby,
Tjalve, 15.24

2. Jon Kristian Svaland,
Birkenes IL, 17.29

3. Heiko Sepp,
Estland/Milslukeren, 18.41

10. Njål Torillson
Tyssing, Velledalen IL, 19.50

117. Arne Granli, Kolsås,
51.37

Vi nemner også at Anniken
Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, vart nummer sju av 261 fullførande i klasse K
23-34 år på 21.26. Sterkt!